VI TEK VARE PÅ ARBEIDSMILJØET!

 


Det interne miljøet

Tryggleik og helse. Hos Vartdal Plastindustri AS arbeider vi dagleg for å skape eit trygt og sunt arbeidsmiljø for dei tilsette, og bedrifta har som målsetjing å unngå uhell på arbeidsplassen. Vi greier dette fordi vi fokuserer på arbeidsmiljøet i kvardagen, meiner vi. Vi har ein enkel politikk der vi konstant er medvitne på tryggleik, helse og trivsel hos kvar enkelt medarbeidar.

Ansvar er eit nøkkelord i miljøarbeidet vårt. Miljømedvit inngår som ein naturleg del av kvardagen i produksjonsanlegget. Dette gjeld både innretning og drift, og det inkluderer den daglege leiinga og kvar enkelt medarbeidar.

Samarbeid. Vi trur at vi når lengst med å vere opne og med eit godt og utbytterikt samarbeid med styresmaktene.

Krav. Produksjonsmålet vårt er berre oppfylt når også gjeldande miljøkrav er stetta. Når vi skiftar ut eller skaffar nytt utstyr til produksjonen, skal miljømessige omsyn inngå i vurderinga.