VARTDAL PLASTINDUSTRI AS – EIN MARKNADSLEIAR
Vartdal Plastindustri AS er eit familieeigd, norsk selskap med hovudkontor på Vartdal i Ørsta kommune. Vi er i dag ein av marknadsleiarane i Noreg innanfor ferskfiskemballasje, teknisk emballasje og bygningsisolasjon.
Vartdal Plastindustri AS har lang erfaring med framstilling av produkt baserte på ekspanderbar polystyren (EPS) og har i dag fleire heileigde og deleigde moderne fabrikkar langs norskekysten.
Vartdal Plastindustri AS vart grunnlagd av Jan Vartdal i 1961 og var den første bedrifta i verda som produserte fiskeemballasje av ekspanderbar polystyren (EPS). Bedrifta har vidareført Jan Vartdal sine idear i nært samarbeid med kundane. Heile tida har innovasjon og produktutvikling stått sentralt.
Innovasjon og nytenking!
Vartdal Plastindustri AS har sidan starten i 1962 vore leiande innan nytenking og produktutvikling. Vi brukar monalege ressursar på produktutvikling saman med kundane våre og andre samarbeidspartar.
Du har emballasjebehovet. Vi løyser det!
Vår erfaring er at den beste emballasjen vert utvikla når brukar og leverandør i fellesskap utnyttar sine erfaringar og fagkunnskapar. To hovud tenkjer betre enn eitt. Og saman finn vi ei løysing. Med EPS er alt mogeleg.
Denne haldninga har gjort Vartdal Plastindustri AS til marknadsleiar i Noreg både på EPS teknisk emballasje, ferskfiskemballasje og på byggisolasjon.
Utvikling er alltid å vere først!
Vartdalkassa var den første fiskekassa laga av Styropor. Kassa har låg vekt, låg pris og gode isolasjonseigenskapar. Ho revolusjonerte transporten av fersk fisk. Kassa bidrog til etterspurnad og til å opne nye marknader for fersk fisk.
Med Vartdal Airbox var vi først igjen. Vartdal Airbox imøtekjem krava til ein sterk og kostnadseffektiv emballasje for flyfrakt. Vartdal Airbox har lågare vekt og betre isolasjonsevne enn konkurrerande produkt og bidreg såleis til monalege kutt i fraktkostnaden.
Godt samarbeid gir gode resultat!
Vartdal Plastindustri AS samarbeider med alle greiner i transportnæringa. Dette nyt du som kunde godt av. Samarbeidet sikrar deg løysingar som alltid tilfredsstiller gjeldande krav til handtering og tryggleik.
Lekkasjesikker emballasje som er lett å stable og som toler ”ein trøkk”, sparer brukarar og transportørar for kostnader og reklamasjonar. Det gir betre totaløkonomi. Varer som kjem fram i rett tid og med kvaliteten intakt, styrkjer også di konkurranseevne.
Kort og godt - emballasje frå Vartdal Plast løner seg.
