
STYROPOR EMBALLASJE
det lette materialet med dei sterke eigenskapane
Ei verd av moglegheiter. Styropor (EPS) har ei lang rekkje positive eigenskapar som gjer materialet spesielt eigna til mange føremål. Styropor (EPS) er ei forkorting for ekspanderbar polystyren – eit reint oljeprodukt, som oppstår som restprodukt i oljeraffineringsprosessar. På nokre av landets mest miljøansvarlege anlegg forvandlar vi EPS-materialet til lette og sterke emne, samansette av 98 pst. luft og 2 pst. polystyren.
Stabil og sterk. Styropor (EPS) er det lette materialet med dei sterke eigenskapane. Dette inneber at vår emballasje ikkje krev tung maskinell handtering. Derimot får kunden ei stabil og sterk emballasjeløysing som toler tøft klima, har stor isolasjonsevne og har både høg støytstyrke og stor trykkstyrke.
Vern av store og små produkt. Styropor er eit lett formeleg produkt og er difor eigna til emballering av både små og store produkt. Uansett storleik og eigenskapar har produkta, attåt god eksponering, alltid krav på effektivt vern frå ein emballasje som sikrar at produkta kjem heile og pene fram. Dette er ei oppgåve Styropor-emballasjen løyser på ein utmerkt måte, takka være materialets mange positive eigenskapar.
Standard- eller spesialløysingar – valet er ditt. Vartdal Plastindustri AS har mange års erfaring med produktutvikling. Dette set oss i stand til gjennom tett samarbeid med kunden å utvikle spesialløysingar retta mot den enkelte kunden sine behov. Ved hjelp av produksjonsmetodane skjering og formstøyping finn vi saman den løysinga som best oppfyller nettopp dine krav til eigenskapar, kvantum og pris.
Berre fantasien set grenser for kva du kan gjere med EPS.
Valet er ditt – vi finn løysinga!
Ta kontakt for ein uforpliktande samtale.