MILJØ, RESIRKULERING OG GJENVINNING

     

    EPS kan gjenbrukast og forbrennast utan problem. Rein kvit styropor (EPS) og det materialet som vert skore av under produksjonen går 100 pst til gjenvinning i produksjonen.

     

    Brukt EPS kan resirkulerast 100 pst, men då gjennom smelting og omdanning til polystyren. Det gjenvunne materialet vert brukt i andre plastprodukt som hagemøblar, blomsterpotter o.l.

    Brukt styropor (EPS) kan brennast i forbrenningsanlegg og gi eit nyttig tilskot til produksjonen av fjernvarme. EPS har same brennverdi som olje.

     

    I anlegga vert EPS blanda med andre avfallsstoff. Materialet vert fullstendig forbrent ved ein temperatur på over 800 grader C og avgir berre CO2-gass og vatn.

    Den norske bransjeorganisasjonen for EPS-produsentane (PIF) arbeider aktivt med å strukturere retur-/gjenvinningsordningar for EPS.

    Ta gjerne kontakt for ytterlegare informasjon.

     

    Grønt punkt

    "Grønt Punkt Norge AS - tidligere Materialretur AS - er fra 1.1.2006 navnet på selskapet som koordinerer norsk næringslivs ordninger for innsamling og behandling av emballasjeavfall. Grønt Punkt organiserer alle typer bedrifter som har befatning med emballasje; emballasjeprodusenter, emballasjeimportører, industri som emballerer sine produkter, næringsdrivende som importerer emballerte varer, grossister og detaljister." (Wikipedia)